Tweensleir
Vi inviterer atter til leir på Teigen! Denne gongen er det jenter og gutar frå 5.-8.klasse som får sjansen til å komme å bli kjent med Jesus, kvarandre og leiargjengen. Vi skal vere ute og inne, høgt og lågt og eg trur dette blir fantastisk kjekt! Ola Dag Thingnes er leirsjef og Oline Myklebust skal ha bibeltimar for oss med temaet LOVED – om at vi er elska og ønska av Gud! Elles skal vi prate, spele spel, lage noko med hendene våre, vere ute i frisk luft (kanskje ut i båt eller ta eit kaldt bad?), underhalde kvarandre og ha det gøy på mange måtar:) Håpar på å sjå mange på leir! For påmelding og meir informasjon, sjekk nettsida:)

